Tropiske skogpattedyr unngår fullmånen

Fullmåne på mørk himmel.
Måne. Fullmåne. Himmel. Foto: Shutterstock

Lys kan vere ein viktig faktor i vernetiltak. Ny forsking tyder at halvparten av pattedyrartane i tropiske skogar skyr fullmånen og tilpassar åtferda si etter månefasane.

– Det er ein risiko for at vi fundamentalt endrar både samansetninga av og interaksjonane til artane i tropiske skogsamfunn berre gjennom lysforhold, seier Richard Bischof, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Han har leia eit internasjonalt team av forskarar som har analysert over 2 millionar bilete frå 17 beskytta skogar på tre kontinent. Totalt vart 86 pattedyrartar registrerte. Tolv artar viste sterk unngåelse av månelys om natta, medan berre tre artar viste ei sterk tiltrekking til månelyset.

– Dette var artane med den sterkaste responsen, Halvparten av alle artane reagerte på månefasane. Anten ved å forandre dei nattlege vanane sine, forandre dei generelle aktivitetsnivåa sine, eller begge deler, sier Bischof.

– Om resultata kan førast over til kunstig lys, kan tap av mørke netter redusere den tida dyra bruker på å leite etter mat og andre viktige aktivitetar, kommenterer han.

Richard Bischof, NMBU.

- Vi veit for lite

Funna antydar at sjølve på nokre av dei mørkaste stadene på kloden - skogbotnen i tropiske skogar - kan månefasane påverke dyreåtferd. Effekten kan vere større skogar som er stykka opp og forringa av menneske. Det bekymrar forskarane.

– Område som vert påverka av kunstig belysning på grunn av urbanisering, held også fram å auke, sier Bischof.

Tropiske skogar huser ein stor del av jordas biologiske mangfald. Dei vert hogga, stykka opp og degradert i ein alarmerande fart. Dette resulterer ikkje berre i direkte tap og endring av habitat, men også i redusert trekronedekke.

– Sjølv om store delar av kloden er påverka av oss menneske, så veit vi framleis oppsiktsvekkjande lite om konsekvensane av belysning på dei fleste dyreartar, seier Bischof.

Halvparten endrar åtferd

Unngåelse av fullmånen var meir vanleg. 30 prosent av alle artane unngjekk lyset, samanlikna med av artane som var tiltrekte av det. Nattaktive artar, spesielt gnagarar, var overrepresentert blant artar som unngjekk fullmånen.

– Sjå for deg at du leiker gøymsel i eit mørkt rom, og så tenner nokon eit stearinlys. Sjølv om det er svakt så gjer det lettare for deg å orientere deg i rommet. Men viss du er den som gøymer deg, blir du plutseleg mykje lettare å oppdage, seier Bischof.

Forskinga antydar at det vil vere fleire taparar enn vinnarar når lysmengda aukar i tropiske skogar. Nesten alle artar som reagerte negativt på månelyset reduserte aktivitetane sine i periodar med fullmåne, iallfall delvis.

Paka
Pakaer er mindre aktive når det er meir lys frå månen. Tatt med viltkamera. Foto: TEAM - Tropical Ecology Assessment and Monitoring Network

Kan påverke vern

Men månelyset er jo eit svært så naturleg fenomen? Kvifor skal vi bekymre oss for korleis dyr reagerer på det?
– Poenget her er at lys påverkar åtferda til dyra, seier Bischof.
– Ut frå desse resultata kan vi stille spørsmål om korleis andre endringar i lysforhold påverkar dei.

Andre forhold som aukar lysnivåa på skogbotnen inkluderer endringar i trekronedekket på grunn av hogst, og kunstig belysning, som vegbelysning og bygningar.

Dei moglege effektane av naturleg og kunstig lys fører med seg viktige spørsmål når det gjeld vern av natur. Halloween er rett rundt hjørnet; og innverknaden til månen strekkjer seg utover skumle forteljingar og inn den mørke kjernen av dei tropiske skogane. Dette er viktig kunnskap når vernetiltaket i framtida skal formast ut.

Beltedyr
Beltedyr er mindre aktive når det er meir lys frå månen. Tatt med viltkamera. Foto: TEAM - Tropical Ecology Assessment and Monitoring Network. Foto: TEAM - Tropical Ecology Assessment and Monitoring Network

Om studien:

Studien blei leia av forskarar frå NMBU (Noregs miljø- og biovitskaplege universitet), i samarbeid med 21 institusjonar frå 14 land over heile kloden, inkludert Brasil, Rwanda, Indonesia, Nederland og USA.

Bileta blir samla inn av Tropical Ecology Assessment and Monitoring Network, eit samarbeid mellom Conservation International, Wildlife Conservation SocietyogSmithsonian Institution.

Referanse:

Bischof et al. 2024. The moon's influence on the activity of tropical fôrest mammals. Proceedings of the Royal Society B.
DOI: 10.1098\rspb.2024.0683

Forskere omtalt i saka:

Publisert - Oppdatert

Del på