Hilde: Forvaltar verneområde i Vestland

Hilde Vindedal har ein master i naturforvaltning. Nå jobber ho hos Statsforvaltaren i Vestland, blant anna med forvaltning av verneområde. 

Hilde Vindedal
Hilde Vindedal

Fortel litt om din nåværande jobb:  

Eg arbeidar som rådgjevar hos Statsforvaltaren. Det er ein kjekk jobb, med mange spennande og varierte oppgåver. Eg arbeidar med forvaltning av verneområde, og med oppgåver knytt til klimaendringane og klimatilpassing.

Kvifor valgte du å studera ved NMBU?  

Eg synes det er interessant med miljørett, planlegging og forvaltning av artar, naturtypar og verneområde. På NMBU fekk eg ein god kombinasjon av desse emnane saman med meir naturfaglege emne. Eg hadde også eit inntrykk av at tidlegare studentar var godt fornøgd med studiet.

Kva for nytte har du hatt av utdanninga di ved NMBU?

Eg har hatt god nytte av det eg lærte på studiet. Mykje har vore relevant for arbeidslivet. Eg likte godt den praktiske tilnærminga vi hadde i fleire av emna, vi fekk mellom anna prøve oss på oppgåver for forvaltninga og hadde fleire interessante feltkurs. Eg har også hatt nytte av det eg lærte under utarbeiding av masteroppgåva.

Kva kan du seie om studentmiljøet på NMBU? 

Det er mange engasjerte studentar på NMBU. Eg hadde også gode og engasjerte forelesarar på studiet som var flinke til å formidle. Det gjer studiekvardagen kjekkare.

Har du nokre råd til kommande studentar?

NMBU tilbyr mange ulike emner. Det gjer at du står litt friare til å velje dei emnene som du er interessert i, og gå den vegen som passer for deg. Det trur eg gjer at mange studentar er motiverte og trivest godt!

Korleis bidrar du og arbeidsgjevar i arbeidet med FNs berekraftsmål? 

Statsforvaltaren arbeidar for å nå fleire av berekraftsmåla. På miljøavdelinga arbeidar vi spesielt med livet i havet, livet på land og stoppe klimaendringane. For å lukkast er mål nr. 17 om samarbeid veldig viktig, og her arbeidar vi saman med andre aktørar som fylkeskommunen og kommunar.

Publisert - Oppdatert

Del på