INSTITUTT FOR BYGG- OG MILJØTEKNOLOGI

Vi utdannar studentar innan bygg og miljøteknikk med vekt på berekraft. Vi forskar blant anna på korleis vi kan gjere byggjebransjen meir miljøvennleg, for eksempel gjennom sirkulærøkonomi og materialval, og korleis vi kan sikre reint drikkevatn, handtere overvatnsproblematikk, forhindre forureining og utvikle framtidas reinseanlegg for vatn.

Instituttet består av ca. 40 personar, inkluderte stipendiatar og postdoktorar.

Vil du jobbe med å sikre reint vatn til by og land?

På vatn- og miljøteknikkstudiet lærer du korleis ein sørgjer for reint vatn til samfunnet og skaper eit trygt miljø utan forureining. Dette er nokre av dagens største miljøutfordringar, både i Noreg og internasjonalt. 

Vil du skape bygg som er tilpassa framtidas klima- og miljøutfordringar?

Studieretninga byggjeteknikk og arkitektur legg vekt på å fremje forståing og kompetanse i skjeringspunktet mellom dei tradisjonelle sivilingeniør- og sivilarkitektutdanningane. Du kan velje mellom dei to studieretningane byggkonstruksjon og arkitektur eller husbyggingsteknikk.

Tilknytta studieprogram:

Tilknytta forsking:

Kontakt