Modell av molekyler, fysikk

institutt for fysikk:

Vi er ca. 40 personar som underviser i og forskar på energifysikk, miljøfysikk og datavitskap, biofysikk og datavitskap, samt bioraffinering i samarbeid med institutt for maskinteknikk og teknologileiing.

Vi har ansvar for studieprogramma Miljøfysikk og fornybar energi og Energi- og miljøfysikk.

I takt med digitalisering og teknologiske nyvinningar blir kunnskap innan realfag stadig viktigare for samfunnsutviklinga. Samtidig er det viktig at denne kunnskapen ikkje blir isolert til teknologi aleine, men også inkluderer korleis og kvifor vi bruker teknologi. Derfor satsar vi på å byggje kompetanse innan innovasjon og problemløysing i eit menneske-, miljø- og berekraftperspektiv.

Tilknytta studieprogram:

Forsking ved instituttet

Ved institutt for fysikk er vi ca. 40 personar som underviser i og forskar på realfag. Vi forskar på energifysikk, miljøfysikk og datavitskap, biofysikk og datavitskap, samt i samarbeid med institutt for maskinteknikk og teknologileiing. Nokre av forskingsområda våre inkluderer:

  • solkraft og solvarme
  • kraftsystemer
  • saltsmeltefysikk
  • biodrivstoff
  • feltstasjon for bioklimatiske studium
  • hyperspektral biletanalyse
  • framtidas digitale kraftsystem
  • nevral simulasjonsteknologi
  • nevrofysikk
  • djuplæring
  • maskinlæring i medisinsk diagnostikk, reaktor og katalyse

Tilknytta forskingsgrupper:

Kontakt