Thorvald

institutt for maskinteknikk og teknologiledelse:

Vi utdannar kreative sivilingeniørar som kan løyse reelle tekniske problem, og hjelpe til å sikre at vårt teknologiavhengige samfunn utviklar seg på ein berekraftig måte.

Instituttet består av områda maskin, prosess- og produktutvikling, robotikk, industriell økonomi og akvateknikk. Vi er ca. 60 personar, inkludert stipendiatar og postdoktorar.

  • Våre fagområde

    Maskinfaga består av design og dimensjonering av komponentar og system slik at bruksområde og levetid blir mest mogeleg eigna for oppgåva som skal løysast. På studiet lærer studentane metodar for handberekning og datasimulering, samt nødvendig kunnskap om produksjonsteknikkar og materialutnytting.

    Prosessteknikk er den mest allsidige av industrigreinene i Noreg. Den omfattar alt frå moderne petroleumsindustri til avfallsbehandling og framstilling av mat- og drikkevarer. I prosessteknikk lærer du om vegen frå råvare til ferdig produkt, korleis teknisk utstyr blir bygt opp og fungerer og korleis kompliserte industriprosessar kan styrast og forbetras med omsyn til kvalitet, økonomi og miljø.

    Produktutvikling er prosessen som gjer at nye produkt og tenester blir utvikla systematisk. På dette fagområdet lærer du korleis vi kan bruke innovasjon for å sikre at ein idé utviklar seg til den best eigna versjonen av eit produkt. Du vil blant anna få innsikt i berekraftsomsyn, funksjonsanalyse, innhenting av tilbakemeldingar, konseptualisering og tryggleikskrav.

    Robotikk er læra om design, konstruksjon og bruk av robotar. Studiet legg vekt på bruksområde innanfor landbruk og matproduksjon, samt styringssystem og intelligensen som blir implementert i robotane.

    Industriell økonomi er eit fagfelt som kombinerer teknologi, økonomi og administrasjon. På studiet lærer du metodar og verktøy for å kunne ta gjennomtenkte strategiske og operasjonelle avgjerder i verksemder. Som student vil du for eksempel lære praktisk prosjektstyring, driftsleiing og kvalitetsstyring.

Tilknytta studieprogram:

Tilknytta forskingsgrupper:

Kontakt